Go to aakp.no
A PROGRAM IN

Motstandsdyktigheit i det maritime cyberdomenet

Seminar Maritime cyber reslilience. Korleis skal maritim sektor stå i mot og handtere cyberåtak?

Organizer: Forsvarets høgskole, NTNU og GCE Blue Maritime Cluster
Date:
Place: Auditorium Møretanken, NMK, Borgundvegen 340, Ålesund
Cyber2.jpg

Cybersikkerheit veks fram som ei reell utfordring for maritim sektor. Dagens maritime operasjonar er avhengige av digitale system som elektroniske kart for navigasjon. Tradisjonelt har sikkerheita av digital skipssystem vore basert på at dei er isolerte frå omverda. Etter kvart som internettkopling over satellitt og 4G har blitt tilgjengeleg, er dei eksponert for den same cybertrusselen som andre digital system, men ofte utan naudsynte sikkerheitsmekanismar og sikkerheitskultur på plass.

Både i industri og akademia er det initiativ for å auke motstandsdyktigheita mot cyberåtak i maritim næring, det vil seie utvikle mekanismar for sikre at digital maritime system og maritime operasjonar kan føresjå, motstå, gjenopprette etter og lære frå cyberåtak.

Forsvarets høgskole, NTNU og GCE Blue Maritime Cluster inviterer til seminar der vi ser på nokre av desse initiativa.

Seminaret blir ikkje strømma. Les meir om programmet og meld deg på her