Go to aakp.no
A PROGRAM IN

Personalledelse, endringsledelse, fjernledelse

Kurs Kurset omfattar ei innføring i sentrale tema knytt til leiing og personalutvikling for mellomleiarar. Fagleg ansvarleg for kurset er Høgskulen i Volda.

Organizer: ÅKP og Mafoss i samarbeid med Høgskulen i Volda
Date:
Place: Nettbaserte samlinger

Om kurset:

Dei fire første modulane har fokus på mellomleiar sin kontekst, og sentralt står spørsmål som leiarskap, leiingslogikk, leiar si rolle, verdiar i arbeidslivet og strategisk tenking.

Dei fire neste modulane fokuserer på mellomleiar si rolle i det daglege samspelet med medarbeidarane. Tematisk omtalar ein kommunikasjon, motivasjon og samhandlingskompetanse, konflikthandtering og sosialt arbeidsmiljø. Eit særleg fokus er retta mot leiing (fjernleiing) når medarbeidarar har heimekontor og det daglege samspelet vert digitalisert.

Dei 8 modulane har lik oppbygging, og er sett saman av ein omtale av læringsmål, presentasjonar med dei sentrale momenta, videoførelesingar, lesing av litteratur, levering av oppgåver, innlegg i diskusjonar og eit avsluttande webinar som oppsumerar modulen. 

Kurset er digitalt ved hjelp av E-læringsverktøyet Canvas og møter i samtid via Zoom. Det er forventa at deltakarar koplar seg på med lyd og bilete. Opplæringa har eit estimert arbeidsomfang for deltakarane på om lag 70 timar.

Tematikk er henta frå Masterstudiet og innretta mot mellomleiarar og nedover i organisasjonen.

Kvar modul har 3-5 videoar (kvar på +/- 15. min.), nokre korte oppgåver som skal svarast på, høve til å delta i diskusjonar og stille spørsmål om aktuelle problemstillingar, eit digitalt pensum som alle bør lese (ca. 20 sider) og ei samling i samtid for kvar modul (om lag ein time på avtalt tidspunkt). Det er lagt opp til utvida pensum og skriving av ei litt større oppgåve for dei som siktar mot eksamen ved eit seinare høve.

Dette vil du lære:

  • Kva legg vi i leiing? 
  • Verktøy du som leiar må ha. 
  • Etisk og moralsk ansvar. Medarbeidaren. 
  • Sjølvleiing og fjernleiing. 
  • Konflikthandtering. 
  • Helse og trivsel på arbeidsplassen.

Hvem vil kurset passe for?

Nåværende og kommende ledere til og med mellomledernivå. Ingen forkunnskaper nødvendig. Gjennomføring og omfang:

8 moduler med ulik tematikk.   5-6 timer eigeninnsats pr modul inklusive fellessamlinger, gruppearbeid og individuelt arbeid.   

Fagleg ansvarleg:

Magnar Hjertenes, Høgskulen i Volda  https://www.hivolda.no/tilsett... 

Startdato: 15. april

Påmeldingsfrist: 17. mars

Samlinger: 20. april - 27. april - 4. mai - 11. mai- 18. mai - 25. mai - 1. juni - 8. juni.

Kl. 13:00-16:00

Personalledelse, endringsledelse, fjernledelse

Kurset er fulltegnet. ÅKP og Mafoss kjører et omfattende kursprogram for etterutdanning av ansatte i maritim industri. Vi setter opp kurs i 2021 som er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, næringsklyngene GCE Blue Maritime og NCE Blue Legasea. Kursene er først og fremst rettet mot medlemsbedrifter i klyngene, og er kostnadsfrie for deltakerne.

Kontaktinformasjon


Personvernerklæring:

Ja, jeg har lest vilkårene i ÅKP AS personvernerklæring (privacy policy) og godtar at mine personopplysninger behandles i samsvar med denne.

This site is protected by ReCAPTCHA and the Google Privacy Policy and Terms of Service apply