– Eksportpotensialet i SMBane er viktig
Klyngeleiar for den maritime klynga på Møre er positiv til regjeringa sin nye eksportstrategi. Han håpar at strategien vil bety konkret salsassistanse i utlandet til små- og mellomstore bedrifter.
– Små og mellomstore bedrifter har i større grad utfordringar med å operasjonalisere eksportambisjonane sine ute i verda enn dei store selskapa. Dei har færre ressursar enn dei store, men har like stort behov for lokal marknadsekspertise, og kontaktnettverk. Her håpar vi den nye satsinga til regjeringa kan vere med å avlaste dette, seier klyngeleiar for GCE Blue Maritime Cluster, Daniel Garden.
Han meiner den nye eksportstrategien til regjeringa harmonerer med det bedriftene i klynga sjølve har peika på.
– Norske grøne maritime løysingar er salbare ute i verda. Men skal ein lukkast, må vi forløyse potensialet i dei små- og mellomstore bedriftene. Dei treng mykje meir konkret salsassistanse i utlandet. Vi bør ha folk med lokal marknadskjennskap og nettverk til å sette bedriftene fram for dei rette kundane, seier Garden.
Fornye marknadsposisjonen
I regjeringa sin nye eksportreform blir det slått fast at det skal utviklast eit kraftig eksportorientert miljø og eksportarbeidsplassar i Ålesund. Samstundes ligg det i reforma at ein skal satse på «meir og grønare maritim eksport». Garden meiner det er sjølvsagt at eksportmiljøet i Ålesund står i front på den maritime satsinga.
– Regjeringa vil satse på maritim eksport og det er bra, for den er viktig. Norsk maritim eksport utgjer om lag sju prosent landets totale eksport, inkludert olje og gass. Det viser kor viktig denne bransjen er.
Samtidig veit vi at den har eit stort potensialt i etablerte marknader, seier Garden, og legg til:
– Ikkje minst vil fokuset på berekraft og grøn omstilling kunne gje norske bedrifter eit konkurransefortrinn. Tidlegare har vi lukkast med eksport ved å utvikle avanserte maritime teknologiar. No kan grøne maritime teknologiar fornye den norske marknadsposisjonen.
Konkurransefordelar
I den maritime klynga på Møre blir det allereie satsa på dette. Klynga sin nye strategi, New Blue Deal, som blei lansert på forsommaren i fjor, har moglegheitene i det grøne skiftet som hovudpoeng.
– Norsk skipsbygging har konkurransefordelar i skip til havbasert energiproduksjon, fiskeri og havbruk samt reiseliv. Å Introdusere nye, grøne teknologiar i desse segmenta er vår beste moglegheit for å lukkast, meiner Garden.
Han peikar likevel på at den største utfordringa ikkje ligg hos dei allereie etablerte, store, aktørane, men hos dei som kanskje ikkje har vore i eksportmarknaden før.
– Eksportandelen i maritime bedrifter er høg, men lågare i små- og mellomstore bedrifter enn i store selskap. Difor treng dei assistanse som kan skyve dei i riktig retning.