Go to aakp.no
A PROGRAM IN

ÅKP med nytt kontor i Fosnavåg

ÅKP, Mafoss og klyngene, GCE Blue Maritime Cluster og NCE Blue Legasea, vil framover dele på eit kontor i det nye og spanande bygget «Horisont» på Mjølstadneset i Fosnavåg. Dette området vert no kalla Fosnavåg Næringspark og mange ulike verksemder held til her.

Blue Maritime Cluster
ÅKP 1.jpg

Robert Voldnes utanfor "Horisont".  Foto: Geir Egil Eiksund/Vestlandsnytt.


– Det er eit svært spanande miljø på Mjølstadneset og ein fornuftig stad for oss å ha eit kontor. Rita Sævik tok i fjor kontakt med oss og håpte på at ÅKP kunne ta del i dette nye bygget.  Etter litt vurderingstid fann vi ut at det vil vere rett for oss å prøve ut dette, seier Per Erik Dalen, CEO i ÅKP.

Reint praktisk vil Robert Voldnes i ÅKP Entreprenørskap, i lag med Jan Thormodsæter og Jannike Tuvik Skarbø i Mafoss, vere dei som er der oftast sidan desse er lokaliserte i området frå før.

Tanken med felles-kontoret er at ÅKP, Mafoss og klyngene skal kunne vere tettare på kundane og det spanande miljøet på ytre søre. 

- Vi har tru på å samarbeide på denne måten, og trur at eit slikt felleskontor er fornuftig. No er vi i gang med å planlegge kva slags aktivitetar ÅKP skal legge her ute, seier seniorrådgjevar og kompetansemeklar i ÅKP, Robert Voldnes,  som framover kjem til å ha delt arbeidsstad mellom Fosnavåg og ÅKP-kontoret i Ulsteinvik. 

Han legg til at han ser stort potensial i verksemdene på ytre søre.

– Særleg kan vi sjå føre oss at det relativt nye og individuelle tilbodet «ÅKP Idélab» kan vere noko for ein del framoverlente verksemder her ute. Idélab er ein prosess der vi ser på framtidstrendar og tenkjer på ulike utfall ut frå desse trendane. Dette tilbodet er vi i ÅKP aleine om å tilby. I tillegg vil vi køyre eit kull med «ÅKP StepUp» på søre før jul.  StepUp er eit samlingsbasert program for små- og mellomstore bedrifter med behov for avklaring av vegen vidare.  Rekruttering til dette programmet tek til om ikkje så lenge, fortel Voldnes, som gler seg til å starte opp.

ÅKP 4.jpg
Her er Håvar Risnes i ÅKP Entreprenørskap, i lag med Jannike Tuvik Skarbø og Jan Thormodsæter i Mafoss (heilt til høgre). Ved sida av Jan står Robert Voldnes. Foto: Geir Egil Eiksund/Vestlandsnytt.