Haramskonferansen 2018
Tema for årets konferanse er "Ny fart i ei digital tid". På scena står styreleiaren i Vard Group Giuseppe Coronella og andre spennande innleiarar. Brattvåg 20. februar.

Statssekretær Paul Chaffey kjem, det gjer også Kristin Clemet som vil kommentere vilkår for næringsliv i Norge. Det er også knytt stor spenning til innlegget frå styreleiaren i VARD GROUP Giuseppe Coronella som ser regionen frå internasjonal ståstad.
Få også med deg adm. dir., Morten Hopland frå IP. Huse og adm. dir., Odd Tore Finnøy frå Brunvoll AS – tradisjonsrike bedrifter med planar for framtida.
Konferansen vert avslutta med Hans Wilhelm Steinfeld og «Den europeiske utfordring».
For program og påmelding sjå www.hniforum.no
Velkommen til Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg 20.02.2018 klokka 09:00-15:30