Go to aakp.no
A PROGRAM IN

Toppnavn til Haramskonferansen

Møt næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, leder for REV Ocean Nina Jensen og DNV GL sin toppsjef Ditlev Engel.

Blue Maritime Cluster
haramskonferansen.png

Haramskonferansen kan i år by på eit svært spennande program

Vi har som mål å hente viktige stemmer frå den nasjonale debatten til Sunnmøre, samtidig som vi løftar fram dei lokale aktørane som opererer internasjonalt. Vi meiner dette er ein spennande miks som vil gi gode perspektiv på årets tema, berekraftig leiing.

Henrik Dalelid Vedde, dagleg leiar i Haram Næring- og Innovasjonsforum

PROGRAM OG PÅMELDING

EIN ATTRAKTIV MØTEPLASS

Haramskonferansen er ein regional næringskonferanse på Sunnmøre som arrangerast av Haram Næring og Innovasjonsforum  i samarbeid med ÅKP og Haram kommune. Rundt 250 deltakarar er vente til konferansen som arrangerast i Brattvåg, sentralt i den maritime klynga på Møre. Konferansen har som mål å vere ein attraktiv møteplass for bedrifter der ein får nye impulsar og inspirasjon i kvardagen.

Den  dramatiske endringa i offshoreindustrien har lagt som bakteppe for Haramskonferansen dei siste åra. I 2019, er det i forlenging av dette, naturleg å sette «berekraftig leiing» på  agendaen. Verdskommisjonen for miljø og utvikling leia av vår eigen Gro Harlem Brundland lanserte omgrepet berekraftig utvikling allereie i 1987. No i dag set FNs 17 berekraftsmål retning på verdssamfunnet. Korleis påverkast norsk politikk og næringsliv av desse? Kva gjer vi for å leie vår utvikling inn mot større miljømessig, sosial og økonomisk berekraft? Kva for nye  forretningsmoglegheiter kan dette gi oss?

RØKKE SITT REV OCEAN-PROSJEKT OG NINA JENSEN

Haramskonferansen har som ein av få lykkast med å få Nina Jensen fra REV Ocean som foredragsholdar. Kjell Inge Røkke står som kjent bak prosjektet og fartøyet REV Ocean, i samarbeid med WWF. Dette blir verdens mest avanserte forskingsskip (REV er en forkortelse for Research, Expedition og Vessel). Tidlegare generalsekretær i WWF, Nina Jensen, er tilsett som leiar for prosjektet.

– At vi fekk Nina Jensen til Haramskonferansen for å snakke om REV-prosjektet og bærekraftig leiing er vi godt nøgt med. Ho er ettertrakta som innleiar og vi gleder oss til å høyre meir om planane, sier Vedde.

Forskningsskipet REV Ocean skal da også byggjast i Haram kommune, ved Vard Brattvaag.

FØRSTE MED EIGEN APP

Haramskonferansen lanserer samstundes som første konferanse på Sunnmøre ein egen app som gjer det enklare for deltakarane å melde seg på, halde seg oppdatert om programmet, lese om  innleiarane, kommunisere med andre deltakarar og avtale møter. Appen skal også redusere bruken av plast og papir under sjølve konferansen.

Program

MELD DEG PÅ HER

Dato: Tysdag 12.02.2019

Sted: Ingebrigt Davik huset, Brattvåg

Tid

Foredragshaldar

Tema

09.45 – 10.00              

Ordførar Vebjørn Krogsæter 

Velkommen

10.00 – 10.30

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

Regjeringa sin politikk for å sikre berekraft.

10.30 – 11.00 

Birgit Liodden Director Sustainability,

Ocean & Communication, OBR

Creative Ocean city’s alliance

11.00 – 11.30

Ditlev Engel, CEO, DNV GL – Energy

Framtidas forretningsmodellar bygd på ny energi

11.30 - 12.30

Lunsj

 

12.30 – 13.00

Bård Bjørlow, Kongsberg Maritime 

Framtidig verdiskaping

13.00 – 13.30

Øyvind Tørlen, CEO Jets

Produktutvikling med miljøfokus

13.30 – 13.50

Annik Magerholm Fet

viserektor NTNU Ålesund

Berekraft i eit kompetanseperspektiv.

13.50 - 14.10

Pause

 

14.10 – 14.30

Nina Jensen, CEO REV Ocean

Ein forretningsmodell basert på berekraft

14.30 - 15.30

Arne Hjeltnes

 Det er kysten som skal berga oss

15.30

Slutt

 

 Konferansier: Ogne Øyehaug, redaktør Nett.no