Fosnavågkonferansen 2022
Konferanse Ein viktig møteplass for alle som arbeider i havnæringane. Her møtest folk frå heile den maritime klynga på Sunnmøre og nettverket rundt kjernebedriftene.

FoKo22
Fosnavågkonferansen skal vere ein møteplass for mulegheiter. Det gjer vi ved å vere faste i fisken på det faglege og lause i snippen når det gjeld det sosiale.
Det blir fellesforedrag og parallell-sesjonar saman med prat rundt borda, mingling i gode pauser og krabbefest om kvelden.
FoKo22 set mellom anna søkelys på to av dei store spørsmåla no: Havvind-debatten og kompetanse, mangfald og rekruttering i ein brennheit arbeidsmarknad.
I tillegg inviterer medarrangørane Hav Group, Sparebanken Møre og Kvale Advokater til sterke faglege samlingar. Dette blir parallelle sesjonar der du vel programpost alt etter kva fagområde du er mest interessert i.